Jazz på Jølst/FolkJazzScena: Ragnhild Furebotten - Never on a Sunday

Arrangementsinformasjon
Default file 1507039154

NB! Billettar til denne konserten finn du HER 


Førdefestivalen si FolkJazzScene er glade over å kunne samarbeide md Jazz på Jølst om å presentere Ragnhild Furebotten: NEVER ON A SUNDAY

Saman med seks av landets beste jazzblåsarar har den nord-norske felespelaren Ragnhild Furebotten gjeve nytt liv til eigne melodiar og folkemusikalske skattar frå landsdelen sin. Med ein kombinasjon av lett galskap, nordnorsk lynne og lett melankoli tok bandet publikum og meldarar med storm med konsertar og plate i 2011. Spellemannspris vart det òg, og året etter gjorde dei suksess på Førdefestivalen. Etter nokre års pause, mellom anna grunna mammaperm, vart det ny konsert på Vossa Jazz i 2016, og no er dei altså klare for Jazz på Jølst! 

Arrangementa til Helge Sunde og Geir Lysne kretsar kring det vakre og lidenskapelege spelet til Furebotten, som du kjenner godt frå td Hekla Stålstrenga. Blåsarane hentar fram uante krefter i fela hennar – dei både bryt ned og byggjer vidare på dei vene tonane – i alt frå heftige, balkaninspirerte rytmer til symfoniske harmoniar og leikande jazzeskapadar. I denne konserten får du ei sanselaus og musikalsk blanding av virtuoust felespel og ei rå blåserekkje. Dette er folkemusikk slik du aldri har høyrt det før, presentert av musikarar som leverer på toppnivå, med smilet om munnen og glimtet i auga! 


Ragnhild Furebotten – fele
Helge Sunde – trombonium og arrangement
Frode Nymo – saksofon
Torben Snekkestad – saksofon
Marius Haltli – trompet
Eckhard Baur – trompet
Lars Andreas Haug – tuba

folkjazzscena
folkemusikk
jølsterjazzklubb
førdefestivalen
ragnhildfurebotten
helgesunde