FolkJazzScena: THE KURAYBERS

Arrangementsinformasjon
Default file 1504853135

Kven skulle tru at ærverdige Norges Musikkhøgskule kunne fostre så viltre saker som dette? Dei sju musikarane frå Serbia, Bosnia, Polen, Katalonia, Bulgaria og Norge møttest - og etablerte The Kuraybers. Ved å bruke alt dei kan om folkemusikk, klassisk, samtidsmusikk, jazz og improvisasjon har dei skapt sin eigen balkanske festmusikk. Det er morosamt, energisk, friskt og virtuost på ein gong. Sju eminente musikarar som dyrkar leik og spelegede inviterer til fest og kalas med folkemusikalske høgdepunkt frå Romania, Bosnia, Serbia og omkringliggande rike.

Det handlar rett og slett om GOD MUSIKK for alle sansar når The Kuraybers for første gong skal lage balkanfest i Førde; på LARRIS SCENE!

Daniel Lazar (Serbia) – fiolin
Almir Meskovic (Bosnia) – trekkspel
Greg Miszczyszyn (Polen) – trekkspel
Espen Wensaas (Norge) – gitar
Bjørnar Kaldefoss Tveite (Norge) – kontrabass
Boris Iochev (Bulgaria) – trommer
Ramon Figueras Alsius (Katalonia) – trompet

folkjazzscena
thekuraybers
larrisscene
førdefestivalen
scandicsunnfjordhotel